Browsed by
Month: november 2022

Når mørkret no har senka seg…

Når mørkret no har senka seg…

…er det godt å samlast til leik og moro i gymsalen. Det er jo ikkje anna enn kjempestas å kunne konstatera nok ein årsrekord i oppmøtestatistikken, med heile 19 små på startstreken. Ikkje mindre enn 8 grender i øvre Sirdal stiller med mannskap. Med slik utvikling må det vera lov å koma med eit lite ynskje og von om å bikka 20-talet før me gjev oss for 2022 om to veker…

Hopp og sprett og tjo og hei…

Hopp og sprett og tjo og hei…

Sytten små sjeler skulle samlast i dag. Alle klar for hyggeleg lag. Med full fart, og gassen i bånn, vart det mykje balluba og hoppetårn. På toppen av dette, 16 vaksne og. Eit par? Eit dusin? Nei, huttetu, me bikka jo mest eit snes! Så takk for i dag, både store og små. Om kun ei veke vert det nok ei råd…. !

Fjelljegerresultat 2022

Fjelljegerresultat 2022

Me takkar for oss for i år, med eit lite glimt av to av våre aller mest trufaste daltakarar, Anna Kvæven (tv) og Ester Tjørhom. Fjelljegeren 2022 er omsider ved veis ende, postar plukka ned og poeng talde opp. Takk så mykje for strålande innsats i år til alle som har delteke. Voneleg vart det nokre fine turar i vårt flotte hjørne av denne vesle planeten. Nedanfor finn du resultatliste og tilhøyrande forklaring for kodane i han. På gjensyn i…

Read More Read More

Knøtterekord

Knøtterekord

Etter ein liten nedtur på hovudindeksen sist veke, smalt det til med ikkje mindre enn 17 små kroppar i full aktivitet i gymsalen i dag. Ballar, tau, rockeringar, madrassar….det var helst berre vektene att på lageret då dei mange små var ferdige med å forsyna seg til kveldens leikorama. Takk for strålande oppmøte!