Han er oppstanden…
4 vekers ventetid. Advent. 1+ års måndagsfotballopphald. Uuthaldeleg!
SARS CoV-2 sette ein brå stoppar for mange menns halvdårlege unnskyldning for å ha nær, kroppsleg kontakt med andre menn våren 2020 . Men omsider er måndagsfotballen i gymsalen på Sinnes skule i gang att!
13 sultefora fotballmenn møtte overraskande opp. Heile 10 meir enn det som offisielt var påmeldt til kveldens evenement. Det er vel gjerne det ein kan kalla ein pangstart…?
Det er jo sjølvsagt også på sin plass å retta ein takk til den bortkomne son Eirik Petersen, som for kvelden returnerte til gamle krigsmarker for å samla folket.
Frekke dragningar, solide løp i bakrom, lekre langskot og litervis med sveitte flygande i alle aksar, var noko av det ein kunne få med seg denne flotte månelyskvelden midt i adventstida.
Me gler oss til fortsettinga, og voneleg endå fleire perlemål på høgde med det ypperste frå utlandet.