Lysløypekarusell, skileik og langrennstrening

Lysløypekarusell/Skileik/Skitrening 2023
Skileik/Skitrening startar torsdag 5. januar, 1.– 10. klasse
- Me deler oss som tidlegare i to grupper, så sant me har to trenarar tilgjengeleg.
- Alle møter på skiskytterstadion kl. 16.55
- Varer til ca kl. 17.50 slik at alle rekk lysløypekarusellen etterpå
- Trenarar i år er Mathias Hegre, Anders Tjørhom, Gunhild Kvinen eller Selma Kvæven.
Mathias vil vera med dei gongene han ikkje er av stad på renn, og kjem til å ha teknikktrening og liknande med dei eldste løparane.
Lysløypekarusellen starter torsdag 5. januar, alle aldrar
- Start og mål vert i år ved klubbhuset.
- Påmelding fra kl. 17.45 – 18.00
- Startkontingenten er kr. 100,- for heile sesongen
- Alle barn under skulealder får premie ved deltaking og betalt startkontingent. Frå skulealder og oppover vil dei som går 6 gonger eller fleire bli premiert.
- Alle som fullfører alle 10 gongene er med i trekning av ekstra premiar.
- 16. mars er det klubbmeisterskap med tidtaking.
Foreldre som er med og arrangerer dette året er:
5. januar: Anders og Birgitta Tjørhom, Gunhild Kvinen
12. januar: Geir Egil Myhre, John Ove Sinnes
19. januar: Linda Grubben, Thomas Nygård Fidjeland
26. januar: Morten Almås, Torger Åge Sinnes
2. februar: Lena Bøgwald, Tom Ådneram
9. februar: Ole Tom Sinnes, Selma Kvæven(Telenor karusell)
16. februar: Piotr Jarosz, Gunhild Kvinen (Telenor karusell)
23. februar: Roy Hegre, Jan Becker
9. mars: Helin Morel, Bjørg Hilde Fidjeland
16. mars: Odd Kjetil Kvalvågnes, Anders og Birgitta Tjørhom (Klubbmeisterskap)
Bytt innbyrdes dersom det ikkje passar.
VIKTIG: Folk som går til fots må bruke gangvegen til høgre for løypa og undergangen på veg til og frå stadion. Dette for å ikkje tråkke opp traseen.
Mvh
Langrennsgruppa
One thought on “Lysløypekarusell, skileik og langrennstrening”
Kjempebra initiativ å ta i bruk denne sida for informasjon. Den er open og alle kan sjå, utan konto. Flott! Fortset med det!