Fjelljegeren

Fjelljegeren

Fjelljegeren er eit trimopplegg for heile femilien. 15 postar blir sett ut i juni. Dei blir ståande ute til oktober. På kvar post står ein bokstav som du noterer på startkortet.

Krava til dei ulike merkene er som følgjer:

  • Bronse – 40 poeng
  • Sølv – 90 poeng
  • Gull – 140 poeng

Eit gullmerke gjev 3 poeng. Sølvmerket gjev 2 poeng og bronsemerket gjev 1 poeng. Ein samlar altså poeng til andre premiar ved å ta merka.

Når ein har nådd eit visst antal poeng, gjer ein seg fortent til premiering etter denne tabellen:

PoengPremie
15fjelljegerstatuetten
24fjelljegerplakett med bronsemerke
30fjelljegerplakett med sølvmerke
40fjelljegerplakett med gullmerke
50fjelljegerpokal
60den store fjelljegeren
75fat med gullmerke
100stav
125bilete

Etter å ha oppnådd fjelljegerstatuetten med 15 poeng, får ein ikkje fleire merke, men held fram med å samla poeng og plakettar.