Snøproduksjonen er i gang
Vintersesongen 2026/2027 er så smått i gang. Me har nokre drivande dyktige frivillige som har starta å hjelpe kong vinter med å få i gang litt nedbør på stadioen. Det er berre å glede seg!
Vintersesongen 2026/2027 er så smått i gang. Me har nokre drivande dyktige frivillige som har starta å hjelpe kong vinter med å få i gang litt nedbør på stadioen. Det er berre å glede seg!
Det viste seg at datoen for lagskveld krasja med haustsprell. Difor hiv me oss rundt og utset lagskvelden til 3. desember kl. 18.00 på Grendehuset i staden. Me slår i same slengen eit slag for Foreningsportalen til Sirdal kommune, der Sirdal har Sirdal skilag no også har sine aktivitetar lagd inn. Du kan abonnera på RSS spesifikt for Sirdal skilag på denne URL’en, eller på alt som føregår i Sirdal på denne.
Medlemmer av Sirdal skilag får same pris på skikorta som me fekk i fjor. Prisen har ikkje auka! I år få me igjen moglegheit til å bestilla kveldskort til svært gode prisar. Kveldskøyring vil vera på onsdagar og fredagar. Eg må senda bestillinga til innan 10. november, så de får frist til 9. november å senda på e-post til Lena, sms eller messenger. Informasjon eg må ha er: Viktig at eg får all denne informasjonen viss dokker ikkje hadde kort…
Denne veka startar me opp med innetrening på torsdagar i gymsalen på skulen. Fyrste trening blir altså 15.10.2026. 17.00-18.00 for 1.- 6. klasse 18.00-19.00 for 6. – 10. klasse. Dei som går i sjetteklasse kan velje om dei vil slå seg saman med dei som er yngre eller eldre. Innhaldet på treningane vil variere litt frå gong til gong med fokus på leik og spillaktivitetar av ulike slag, også for dei eldste dette året.
Sirdal Huskeyfarm – farm adventure Siv Monika Henningsen Byggmester Roy Hegre – båltønne Håkon Hestness Middag på Slottet – 3 retters Trine Hegre Høyfjellshotellet – gavekort 2000,- Hege Brattebø Sirdal sport og friluft – gavekort 500,- Gretha Hompland Sirdal fjellpark – dagskort + lunsj Gorm Gundersen Inkludo – tennbrikettsett Ellen Nesbjørg Sirdal sauna – 2 timar sauna for valfri tal personar Charlotte Kverneland Skei Sirdal sport og friluft – gavekort 500,- Markus Grubben Fjellstua – Staysman-konsert i Stavenger 7. november…
Noregs skiforbund ynskjer å kartleggje økonomiske barrierar ved deltaking i langrenn. Inititiavet kjem etter at skitinget har bede langrennskommiteen om å sette ned eit utval som skal sjå på avgrensing av antal par ski i langrenn. Langrenn ynskjer best mogleg beslutting som er godt forankra i ski-Noreg. Difor inviterer me til denne undersøkinga for å kartleggje ski-Noregs no-situasjon. Føremålet med undersøkinga er å kartleggje kva kostnader som følgjer ved deltaking i langrenn, og om økonomi påverkar moglegheiten til å delta…
På Hyttemessa på Sinnes 10. oktober, vert det igjen andeløp. Det vert mogleg å kjøpa lodd til allereie til helga på Sirdalsdagane. Stikk innom oss på bygdedagane på Kvæven!
Nedanfor finn du oversikt over alle skilagets aktivitetar for 2026/2027.
No tek årets skiskyttertrening opp att. Me veit jo at fleire synest ski er kjekt, og har gjerne lyst til å ha med så mange som mogleg på skiskyting. Me har plass til alle, både dei som berre vil trene litt, og dei som har lyst til å konkurrera. Sirdal skilag har både våpen og rulleski tilgjengeleg, så om ein ynskjer å teste så har me det. (Ein treng ikkje rulleski om ein heller vil springa.) Då idretten medfører skyting,…