Klubbkveld på Sirdal sport og fritid
12.11 vert det klubbkveld med mange gode tilbod frå kl. 17 til 19.
12.11 vert det klubbkveld med mange gode tilbod frå kl. 17 til 19.
14.11 vert det den årlege lagskvelden på Grendehuset. Møt opp klokka 18.00 for premieutdeling og BINGO!
Kveldens knøttetrening i gymsalen sette årsrekord med heile 18 knøtt i ymse aldrar i aktivitet ute på parketten. Det var aktivitetar av alle slag, både auge/hand, auge/fot, balanse, koordinasjon, samarbeid og kreativitet. I dag var det og mange engasjerte støtteapparat på plass. God stemning og flott aktivitet i haustmørkret. Og standarden er sett!
Onsdag 23.10 kl. 18.00 inviterer Sirdal skilag til skihistorisk kveld på Grendehuset. Me syner opptak frå VM i 1982 – 15 km og stafetten. Arild Jørgensen (landsladslagstrenar for kvinner under OL på Lillehammer) leier kvelden. Kaffe og kaker vert servert. Dette kan du ikke gå glipp av! Inngang: 0 – 100 kr. Valgfritt! Billettinntekter går til Seniorgruppa på Sirdal skiarena. Vipps ved inngangen. Påmelding: Ikkje bindande – men me vil gjerne ha oversikt. Send difor SMS til Linda Grubben, tlf….
Etter eit spanande løp i skikkeleg haustver, var det følgjande resultatliste me sat att med etter målgang i Sira i dag: 1. Roy Hegre 2. Geir Magne Hadland 3. Magnus Stavnem Helliesen Andre premiemottakarar var: Patrick Almås, Stein Ivar Sinnes, Matias Fidjeland-Skilnand, Eli Haugen, Ståle Granberg, Daniel Fidjeland-Skilnand og Trine Tronvik Tjørhom. Me gratulerer dei heldige vinnarane!
Vedlagd finn de startnummer til årets andeløp som gjeng av stabelen på Hyttemessa på Sinnes, 12.10.2024.