St. Hans feiring på skistadion

St. Hans feiring på skistadion

Sankthansfeiring på Sirdal Skistadion – måndag 23. juni kl. 18.00

Velkommen til ei stemningsfull og livleg feiring av årets lengste dag! Måndag 23. juni inviterer me små og store til ei triveleg sankthansfeiring på Sirdal Skistadion, med leik, aktivitetar og sosialt samvær for heile bygda.

Program:

Grillen blir tent kl. 18.00, og Sirdal Skilag stiller med grillkull. Ta gjerne med eigen grill om du ønskjer det. Har du engangsgrill, ber me om at du tek den med deg heim igjen etter bruk.

Ta med deg sykkel, rulleskøyter, rulleski, fotballar eller anna du likar å vere i aktivitet med – her blir det rom for både leik og moro!

Hugs å ta med:

  • Grillmat og utstyr etter eige ønskje
  • Drikke
  • Tallerkenar, koppar og bestikk
  • Noko å sitje på eller i
  • Smil og godt humør!

Me gler oss til ein kveld fylt med latter, varme og gode opplevingar – saman med gode naboar og vener i vakre omgjevnader. Dette vil du ikkje gå glipp av!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *