Browsed by
Month: august 2026

Starte med skiskyting?

Starte med skiskyting?

No tek årets skiskyttertrening opp att. Me veit jo at fleire synest ski er kjekt, og har gjerne lyst til å ha med så mange som mogleg på skiskyting. Me har plass til alle, både dei som berre vil trene litt, og dei som har lyst til å konkurrera. Sirdal skilag har både våpen og rulleski tilgjengeleg, så om ein ynskjer å teste så har me det. (Ein treng ikkje rulleski om ein heller vil springa.) Då idretten medfører skyting,…

Read More Read More

Terrengløpet 2026

Terrengløpet 2026

Vel overstått sommarferie! Med 4 grader på morgonkvisten, vakna terrengløpsgeneral Sinnes frå sommardvalen sin og kjende at no var tida inne att. Difor inviterer skilaget nok ein gong til terrengløp på Haugeneset. Fyrste runde vert torsdag 20.8, og klokkeslettet som alltid 18.00. Med gode resultat i friidretts-EM, satsar me på å få med oss mange nye talent i årets runde. Startkontingent er 50,- fyrste gongen. Velkomne skal de vera!