VIKTIG INFORMASJON FOR ALLE BRUKARAR AV SIRDAL SKIARENA!

VIKTIG INFORMASJON FOR ALLE BRUKARAR AV SIRDAL SKIARENA!

På grunn av Corona-situasjonen og restriksjonar for konkurransar og trening, så ser me at me må ha eit alternativt system for booking og bruk av Sirdal Skiarena i denne perioden. Me har mange ulike brukarar frå ulike klubbar, og ber alle om å ta hensyn til dette.

Les informasjonen under og følg med vidare på Sirdal skiarena si gruppa på Facebook.

  1. Me tek som forutsetning at alle brukarar oppdaterer seg, og følgjer gjeldande retningslinjr for trening og konkurranseaktivitet, som gjeld frå NSF og NSSF.
  2. LANGRENN: Me ber alle langrennsløparar/klubbar om å nyttar løypa som går utanom standplass og rett på venstre side av klubbhuset når de rundar. Med andre ord; unngå passeringar via standplass.
  3. SKISKYTING: Det er viktig at de berre nyttar mattene som er hengd på stativa i bua frå skive 17-30. Matte 1-16: kvar einskild løpar frå Sirdal Skilag har si eiga, reserverte matte. Treng ein klubb fleire matter, ber me om at de tek med eigne. Dei mattene som er nytta på ei trening, må vaskast med sprit etter bruk kvar gong. Dette må klubbane halde/ta med sjølve. Ta også hensyn til avstand, spriting av hender samt unngå opphald og skift i bua. Det er mange som er innom denne…
  4. ALLE: Inntil vidare lånar me ikkje ut klubbhuset. Me vil fyrst vera trygge på at me har lokal godkjenning til det.
  5. BOOKING: Dei bookingane som ligg på heimesida, som gjeld komande konkurransar, blir avlyst. ALL booking vil foreløpig føregå på Facebookgruppa til Sirdal skiarena – veke for veke. Med andre ord frå måndag – til sundag.

    Då ynskjer me at ALL organisert trening (klubbar og faste treningsgrupper) skriv inn planlagde treningar. Vanleg trening i anlegget er kostnadsfri. Dersom ein forventer ekstra kjøyring, ynskjer å stenge av trassear eller anna – må anlegget tingast via hjemmesida og ein må betale for leiga.
  6. TINGING AV TIDER: Vert gjort ved at klubben skriv inn kommentarar for kvar veke i gruppa på Facebook (Innlegg)

    Når det gjeld vekedagar har Sirdal Skilag faste treningstider måndag, onsdag 18.00-20.00, og torsdag 17.00-19.30. I helgene (fredag, lørdag og søndag) ynskjer me at alle tingar i tidsroma;
    a) 09.00-12.00
    b) 12.00-15.00
    c) 15.00-18.00
    d) 18.00-21.00.

    Då vil det vera greit å tinga ei skiskyttargruppe og ei langrennsgruppe parallelt. Dersom det er individuelle skiskyttarar som trenar åleine, bør desse koordinera treninga opp mot desse tidspunkta, og ta ansvar for å halda naudsynt avstand til andre.

    Individuell trening treng inga tingin. Individuell trening i løypene er sjølvsagt uavhengig av tider.
  7. LØYPEKJØYRING: All løypekjøyring er på dugnad. Me har ikkje kapasitet til å kjøyre alle løyper kvar dag. Men, me vil alltid forsøke å ha så gode løyper som mogleg.

    Generelt vil dei korte sløyfene bli prioritert i vekedagene i samband med skilagets eigne treningar. I helgene vil dei lengste sløyfene som regel verte kjøyrd og prioritert, men ikkje alle avkortingar.

    I vekedagar skal løypene vera klare til kl 17.00. Og i helgene til kl 09.00. Me kjøyrer ekstra i løpet av dagen i helgene når veret tilsier at det er naudsynt.

    På standplass vonar me at alle brukarar kan vera med på å delta i felles dugnad for å ha ein best mogleg standplass (fremre kant, skivemåling, vera nøye med tau-rulling etc)

    På førehand takk.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *