Browsed by
Author: admin

Kartlegging av økonomiske barrierar

Kartlegging av økonomiske barrierar

Noregs skiforbund ynskjer å kartleggje økonomiske barrierar ved deltaking i langrenn. Inititiavet kjem etter at skitinget har bede langrennskommiteen om å sette ned eit utval som skal sjå på avgrensing av antal par ski i langrenn. Langrenn ynskjer best mogleg beslutting som er godt forankra i ski-Noreg. Difor inviterer me til denne undersøkinga for å kartleggje ski-Noregs no-situasjon. Føremålet med undersøkinga er å kartleggje kva kostnader som følgjer ved deltaking i langrenn, og om økonomi påverkar moglegheiten til å delta…

Read More Read More

Andeløp 2026

Andeløp 2026

På Hyttemessa på Sinnes 10. oktober, vert det igjen andeløp. Det vert mogleg å kjøpa lodd til allereie til helga på Sirdalsdagane. Stikk innom oss på bygdedagane på Kvæven!

Starte med skiskyting?

Starte med skiskyting?

No tek årets skiskyttertrening opp att. Me veit jo at fleire synest ski er kjekt, og har gjerne lyst til å ha med så mange som mogleg på skiskyting. Me har plass til alle, både dei som berre vil trene litt, og dei som har lyst til å konkurrera. Sirdal skilag har både våpen og rulleski tilgjengeleg, så om ein ynskjer å teste så har me det. (Ein treng ikkje rulleski om ein heller vil springa.) Då idretten medfører skyting,…

Read More Read More

Terrengløpet 2026

Terrengløpet 2026

Vel overstått sommarferie! Med 4 grader på morgonkvisten, vakna terrengløpsgeneral Sinnes frå sommardvalen sin og kjende at no var tida inne att. Difor inviterer skilaget nok ein gong til terrengløp på Haugeneset. Fyrste runde vert torsdag 20.8, og klokkeslettet som alltid 18.00. Med gode resultat i friidretts-EM, satsar me på å få med oss mange nye talent i årets runde. Startkontingent er 50,- fyrste gongen. Velkomne skal de vera!

Lagskveld for Sirdal skilag

Lagskveld for Sirdal skilag

Me inviterer til lagskveld på Tjørhom grendehus tysdag 16.6 kl. 18. Det vert som sedvanleg utdeling av premiar på aktivitetar som skilaget har arrangert. Og så vert det sjølvsagt bingo! Velkomne skal de vera!

Historisk tilbakeblikk – 1940

Historisk tilbakeblikk – 1940

Sirdal skilag vart skipa i 1939. Dei fyrste sidene i protokollboka, gjev oss eit innblikk i det fyrste arrangementet som skilaget stod for. Eit kombinertløp med langrenn og påfølgjande hopp. Langrennsløypa var heile 12 kilometer. Om det var trikkeskinner som det me er vande til i dag, er vel heller tvilsomt…

Lysløypekarusell/Skileik/Skitrening 2026

Lysløypekarusell/Skileik/Skitrening 2026

Skileik/Skitrening startar torsdag 15. januar, 1.– 10. klasse Lysløypekarusellen starter torsdag 15. januar, alle aldrar Foreldre som er med og arrangerer dette året er: 15. januar: Anders Tjørhom, Kåre Todnem22. januar: Magne Ådneram, John Ove Sinnes29. januar: Torger Åge Sinnes, Kari Kvæven5. februar: Lars Enok Wang, Ørjan Tjørhom12. februar: Paul Olav Ousdal, Morten Almås19. februar: Ole Tom Sinnes, Jorid Tafjord5. mars: Piotr Jarosz, Bjørg Hilde Fidjeland og Anders Tjørhom (Telenor karusell)12. mars: Lars Ingve Sinnes, Linda Grubben19. mars: Jørgen Ådneram, Johan…

Read More Read More

Andeløp 2025 – premieliste

Andeløp 2025 – premieliste

Då er oppsummeringa klar. Med rundt 40.000,- i premiekassa, er det med glede at me kan gratulera følgjande vinnarar etter årets seilas: Vinnarar kan kontakta Espen Eikemo på tlf. 47933197. Sirdal fjellpark Jorunn B. Kvalbein Slottet John-Ove Sinnes Sirdal høyfjellshotell Dagmar Todnem Sirdal huskeyfarm Espen Larsen Fjåg Kari Andersen Sirdal REKOring Lise Danielsen Sirdal sport Merethe Liland Asvo Torbjørn Loni Terje Sinnes Ådneram skitrekk Fredrik Almås Fjords cycling Johan Sinnes Sirdal REKOring Anders Tjørhom Sirdal sport Alwin Nedrum Fjords cycling…

Read More Read More