Hospitering på Sirdal VGS
Sirdal vidaregåande skule inviterer til hospiteringssamling 24. og 25. oktober. Samlinga er for 9. og 10. klassingar. Les meir i invitasjonsskrivet.
Sirdal vidaregåande skule inviterer til hospiteringssamling 24. og 25. oktober. Samlinga er for 9. og 10. klassingar. Les meir i invitasjonsskrivet.
Då er årsplanen for aktivitetar fram til sommaren 2026 klar. Du kan antan finna han som kalender, og legge han til på telefonen, eller lasta ned PDF under og ha på kjøleskåpet, til dei som ikkje har bygd det inne! 😉 Det er som vanleg noko for ein kvar alder og smak. Velkomne skal de vera!
Løypene er nok ein gong klare for nye, raske løp på Høneneset. Me startar opp torsdag kl. 18, og satsar på ein strålande haustsesong med mykje sprek innsats. Velkomne skal de vera!
Då er skulegarden på Sinnes sopa fri for sand etter vinteren, og me er nok ein gong klar for sykkelløp for store og små. Dei eldste elevane har starta å sykla til skulen for lenge sidan, og dei yngste har hatt oppvarming i gymtime på skulen. Det tyder at alt er klappa og klart for vårens største sykkelløp på Sinnes. Kom og ver med! Møt opp på skulen torsdag 22. mai. Derifrå vert det sykkelløype både på asfalt og grus…
Årsmøte i Sirdal skilag er avhalde. Nedanfor finn du tre aktuelle dokument etter dette. Årsmeldingar frå 2024 Kontrollutvalets berettning 2024 Val, Sirdal skilag 2025
Torsdag 6. mars vert et årsmøte i Sirdal skilag. Møtet tek til kl. 19.30, og blir i lokala på Sirdal skiarena. Dersom det er saker du ynskjer å ta opp, kan desse meldast inn på e-post. Frist for dette er 21.02.2025. Hjartelg velkomen!
Då var siste runde i gymsalen over for i år. Hjarteleg takk til alle som har vore innom i haust! Neste store hending i gymsalen er juletrefest torsdag 19. Då kan det vera at det kjem andre nissar…. Over nyåret treffaste nok i lysløypa på Tjørhom. God jul, og godt nytt år i 2025!
I kveld opna dørene til gymsalen litt over kl. 17, og det var ein veldig klar gjeng som venta i kjølen og mørkret utanfor. Då gjorde det ekstra godt å opne dørene til litt leik og moro for våre minste her i dalstroka innafor. Kreativiteten blømer og hjå dei minste, og berekraftsmåla til FN nådde stadig nye høgder og konfigurasjonar i kveld. Dei litt eldre ville nok drege kjensel på det som «ekte Minecraft». Men det vart ein god plattform…
12.11 vert det klubbkveld med mange gode tilbod frå kl. 17 til 19.
14.11 vert det den årlege lagskvelden på Grendehuset. Møt opp klokka 18.00 for premieutdeling og BINGO!