Browsed by
Category: Sirdal skistadion

Årsplan for 2025/2026

Årsplan for 2025/2026

Då er årsplanen for aktivitetar fram til sommaren 2026 klar. Du kan antan finna han som kalender, og legge han til på telefonen, eller lasta ned PDF under og ha på kjøleskåpet, til dei som ikkje har bygd det inne! 😉 Det er som vanleg noko for ein kvar alder og smak. Velkomne skal de vera!

Andeløp 2024

Andeløp 2024

Etter eit spanande løp i skikkeleg haustver, var det følgjande resultatliste me sat att med etter målgang i Sira i dag: 1. Roy Hegre 2. Geir Magne Hadland 3. Magnus Stavnem Helliesen Andre premiemottakarar var: Patrick Almås, Stein Ivar Sinnes, Matias Fidjeland-Skilnand, Eli Haugen, Ståle Granberg, Daniel Fidjeland-Skilnand og Trine Tronvik Tjørhom. Me gratulerer dei heldige vinnarane!

VIKTIG INFORMASJON FOR ALLE BRUKARAR AV SIRDAL SKIARENA!

VIKTIG INFORMASJON FOR ALLE BRUKARAR AV SIRDAL SKIARENA!

På grunn av Corona-situasjonen og restriksjonar for konkurransar og trening, så ser me at me må ha eit alternativt system for booking og bruk av Sirdal Skiarena i denne perioden. Me har mange ulike brukarar frå ulike klubbar, og ber alle om å ta hensyn til dette. Les informasjonen under og følg med vidare på Sirdal skiarena si gruppa på Facebook. Me tek som forutsetning at alle brukarar oppdaterer seg, og følgjer gjeldande retningslinjr for trening og konkurranseaktivitet, som gjeld…

Read More Read More

Årsmøte

Årsmøte

Det vert avhalde årsmøte i Sirdal skilag torsdag 30. januar kl. 19.30. Nytt av året er at årsmøtet er lagd til Sirdal skiarena. Hjarteleg velkommen til alle medlemmer.

Lyrikkveld på Grendehuset

Lyrikkveld på Grendehuset

Dikt og kaffi vert servert på Grendehuset på Tjørhom sundag 17. november kl. 19.00. Servitørar er Venke Tjørhom og Magnar Undheim. Kan hende betalar du kr. 100 – eller meir, og får eit lodd eller fleir. – All inntekt går til Sirdal skiarena.Kom – kom – kom då vel.