Browsed by
Category: Trimgruppe

Knøttetreninga tek juleferie, og takk for i år

Knøttetreninga tek juleferie, og takk for i år

Gymsalen på skulen har diverre (for oss knøtteføresette) innteke juletrefestmodus. Det er difor på tide å takka for 2022, sjølv om me kanskje hadde sett for oss eit siste sprell der før juleroa senka seg. Hjarteleg tusen takk for deltaking i dette året som har gått, og ha eit godt, nytt år! God jul!

Han er oppstanden…

Han er oppstanden…

4 vekers ventetid. Advent. 1+ års måndagsfotballopphald. Uuthaldeleg! SARS CoV-2 sette ein brå stoppar for mange menns halvdårlege unnskyldning for å ha nær, kroppsleg kontakt med andre menn våren 2020 . Men omsider er måndagsfotballen i gymsalen på Sinnes skule i gang att! 13 sultefora fotballmenn møtte overraskande opp. Heile 10 meir enn det som offisielt var påmeldt til kveldens evenement. Det er vel gjerne det ein kan kalla ein pangstart…? Det er jo sjølvsagt også på sin plass å…

Read More Read More

Når mørkret no har senka seg…

Når mørkret no har senka seg…

…er det godt å samlast til leik og moro i gymsalen. Det er jo ikkje anna enn kjempestas å kunne konstatera nok ein årsrekord i oppmøtestatistikken, med heile 19 små på startstreken. Ikkje mindre enn 8 grender i øvre Sirdal stiller med mannskap. Med slik utvikling må det vera lov å koma med eit lite ynskje og von om å bikka 20-talet før me gjev oss for 2022 om to veker…

Hopp og sprett og tjo og hei…

Hopp og sprett og tjo og hei…

Sytten små sjeler skulle samlast i dag. Alle klar for hyggeleg lag. Med full fart, og gassen i bånn, vart det mykje balluba og hoppetårn. På toppen av dette, 16 vaksne og. Eit par? Eit dusin? Nei, huttetu, me bikka jo mest eit snes! Så takk for i dag, både store og små. Om kun ei veke vert det nok ei råd…. !

Knøtterekord

Knøtterekord

Etter ein liten nedtur på hovudindeksen sist veke, smalt det til med ikkje mindre enn 17 små kroppar i full aktivitet i gymsalen i dag. Ballar, tau, rockeringar, madrassar….det var helst berre vektene att på lageret då dei mange små var ferdige med å forsyna seg til kveldens leikorama. Takk for strålande oppmøte!

Knøttetreningdebut

Knøttetreningdebut

Onsdag 26.10 troppa 14 små spirer opp i gymsalen på Sinnes skule. Her koste dei seg i ein time med balansering, balleik, spenstøving og sosial interaksjon. Alle tiders at så mange hadde anledning til å koma. Leiketimen vart avslutta med ein runde «alle mine duer» med forrykande innsats. Me sjåast neste veke!

Aktivitetskalender 2021/2022

Aktivitetskalender 2021/2022

I denne artikkelen finn du årshjul med skilagets mange aktivitetar. Du kan legge inn kalenderen i din personlege kalender med å nytta denn iCal-lenkja, eller å leggje til i din eigen Google-kalender ved å klikke nede til høgre i kalendervisninga når du har klikka deg inn i artikkelen.