Knøttetreningdebut

Knøttetreningdebut

Onsdag 26.10 troppa 14 små spirer opp i gymsalen på Sinnes skule. Her koste dei seg i ein time med balansering, balleik, spenstøving og sosial interaksjon. Alle tiders at så mange hadde anledning til å koma. Leiketimen vart avslutta med ein runde «alle mine duer» med forrykande innsats. Me sjåast neste veke!

Aktivitetskalender 2021/2022

Aktivitetskalender 2021/2022

I denne artikkelen finn du årshjul med skilagets mange aktivitetar. Du kan legge inn kalenderen i din personlege kalender med å nytta denn iCal-lenkja, eller å leggje til i din eigen Google-kalender ved å klikke nede til høgre i kalendervisninga når du har klikka deg inn i artikkelen.

VIKTIG INFORMASJON FOR ALLE BRUKARAR AV SIRDAL SKIARENA!

VIKTIG INFORMASJON FOR ALLE BRUKARAR AV SIRDAL SKIARENA!

På grunn av Corona-situasjonen og restriksjonar for konkurransar og trening, så ser me at me må ha eit alternativt system for booking og bruk av Sirdal Skiarena i denne perioden. Me har mange ulike brukarar frå ulike klubbar, og ber alle om å ta hensyn til dette. Les informasjonen under og følg med vidare på Sirdal skiarena si gruppa på Facebook. Me tek som forutsetning at alle brukarar oppdaterer seg, og følgjer gjeldande retningslinjr for trening og konkurranseaktivitet, som gjeld…

Read More Read More

Årsmøte

Årsmøte

Det vert avhalde årsmøte i Sirdal skilag torsdag 30. januar kl. 19.30. Nytt av året er at årsmøtet er lagd til Sirdal skiarena. Hjarteleg velkommen til alle medlemmer.