Browsed by
Tag: knøttetrening

Knøttetreninga tek juleferie, og takk for i år

Knøttetreninga tek juleferie, og takk for i år

Gymsalen på skulen har diverre (for oss knøtteføresette) innteke juletrefestmodus. Det er difor på tide å takka for 2022, sjølv om me kanskje hadde sett for oss eit siste sprell der før juleroa senka seg. Hjarteleg tusen takk for deltaking i dette året som har gått, og ha eit godt, nytt år! God jul!

Når mørkret no har senka seg…

Når mørkret no har senka seg…

…er det godt å samlast til leik og moro i gymsalen. Det er jo ikkje anna enn kjempestas å kunne konstatera nok ein årsrekord i oppmøtestatistikken, med heile 19 små på startstreken. Ikkje mindre enn 8 grender i øvre Sirdal stiller med mannskap. Med slik utvikling må det vera lov å koma med eit lite ynskje og von om å bikka 20-talet før me gjev oss for 2022 om to veker…

Hopp og sprett og tjo og hei…

Hopp og sprett og tjo og hei…

Sytten små sjeler skulle samlast i dag. Alle klar for hyggeleg lag. Med full fart, og gassen i bånn, vart det mykje balluba og hoppetårn. På toppen av dette, 16 vaksne og. Eit par? Eit dusin? Nei, huttetu, me bikka jo mest eit snes! Så takk for i dag, både store og små. Om kun ei veke vert det nok ei råd…. !

Knøtterekord

Knøtterekord

Etter ein liten nedtur på hovudindeksen sist veke, smalt det til med ikkje mindre enn 17 små kroppar i full aktivitet i gymsalen i dag. Ballar, tau, rockeringar, madrassar….det var helst berre vektene att på lageret då dei mange små var ferdige med å forsyna seg til kveldens leikorama. Takk for strålande oppmøte!

Knøttetreningdebut

Knøttetreningdebut

Onsdag 26.10 troppa 14 små spirer opp i gymsalen på Sinnes skule. Her koste dei seg i ein time med balansering, balleik, spenstøving og sosial interaksjon. Alle tiders at så mange hadde anledning til å koma. Leiketimen vart avslutta med ein runde «alle mine duer» med forrykande innsats. Me sjåast neste veke!