Browsed by
Tag: rekord

Når mørkret no har senka seg…

Når mørkret no har senka seg…

…er det godt å samlast til leik og moro i gymsalen. Det er jo ikkje anna enn kjempestas å kunne konstatera nok ein årsrekord i oppmøtestatistikken, med heile 19 små på startstreken. Ikkje mindre enn 8 grender i øvre Sirdal stiller med mannskap. Med slik utvikling må det vera lov å koma med eit lite ynskje og von om å bikka 20-talet før me gjev oss for 2022 om to veker…

Topptal på fotballtrening

Topptal på fotballtrening

Når mørket senkar seg i november, trekk mangt og mykje innomhus, mus, såvel som fotballgale mannfolk. Det er nok ikkje å ta hardt i, om ein nyttar omgrep som «historisk», «smekkfullt» eller «sprengd gymsal» for å skildra deltakinga på fotball for herrar måndag 26.11.2018. Heile 15 spelarar var å finne i gymsalen på Sinnes skule. Om ikkje rekord (statistikk manglar), så er det i alle fall på topp 10-lista. Takk til alle som tok turen. Og hugs…det er endå plass…

Read More Read More