Starte med skiskyting?

No tek årets skiskyttertrening opp att. Me veit jo at fleire synest ski er kjekt, og har gjerne lyst til å ha med så mange som mogleg på skiskyting.
Me har plass til alle, både dei som berre vil trene litt, og dei som har lyst til å konkurrera.
Sirdal skilag har både våpen og rulleski tilgjengeleg, så om ein ynskjer å teste så har me det. (Ein treng ikkje rulleski om ein heller vil springa.)
Då idretten medfører skyting, må me ha ei tryggleikskurs i skiskyting for både utøvar og føresett i næraste framtid. For at dette skal passa flest mogleg, er det fint om de kontaktar Espen Eikemo (47933197), så kan me finna eit høveleg tidspunkt for dette.
Det er aldersgrense på 4. klasse eller eldre for å delta.
Sprei ryktet og ta kontakt om du synest dette høyrest kjekt ut!
Me er ein fin gjeng som har det artig saman på treningane.