SKIKORT til Sirdal Fjellpark

SKIKORT til Sirdal Fjellpark

Medlemmer av Sirdal skilag får same pris på skikorta som me fekk i fjor. Prisen har ikkje auka! I år få me igjen moglegheit til å bestilla kveldskort til svært gode prisar. Kveldskøyring vil vera på onsdagar og fredagar.

Eg må senda bestillinga til innan 10. november, så de får frist til 9. november å senda på e-post til Lena, sms eller messenger.

Informasjon eg må ha er:

  • Førenamn
  • Etternamn
  • Fødselsdato
  • Telefonnummer
  • Alder
  • Type kort
  • Om du har hatt kort før.

Viktig at eg får all denne informasjonen viss dokker ikkje hadde kort i fjor. Sjølv om de kjenner meg, slepp eg å leita fram informasjon på kvar person.

For dei som hadde kort i fjor, er det nok med type kort.

Skilaget sender ut faktura i etterkant av bestillinga til dokker.

(Fint om de sprer ordet til medlemmar som ikkje er på Facebook og får med seg denne informasjonen).

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *