Browsed by
Category: Trimgruppe

Smekkfull knøttetrening

Smekkfull knøttetrening

Kveldens knøttetrening i gymsalen sette årsrekord med heile 18 knøtt i ymse aldrar i aktivitet ute på parketten. Det var aktivitetar av alle slag, både auge/hand, auge/fot, balanse, koordinasjon, samarbeid og kreativitet. I dag var det og mange engasjerte støtteapparat på plass. God stemning og flott aktivitet i haustmørkret. Og standarden er sett!

Aktivitetsplan for sesongen 2024/2025

Aktivitetsplan for sesongen 2024/2025

No er planen klar for den komande sesongen i Sirdal skilag. Me har laga ein aktivitetskalender som du kan leggja til på telefonen din (iCal), eller du kan skriva han ut og klistra han på kjøleskåpet heime om det er det enklaste for deg. Me har mange aktivitetar, og noko for alle skulle ein tru. Velkomen skal det vera!

Terrengløp er i gang

Terrengløp er i gang

Torsdag 22.8 vert haustens fyrste runde med terrengløp. Barnehage- og skuleungar er alle hjarteleg velkomne! Klokka 18 er det berre å stilla med «stivla» på føtene på Høneneset, så gjeng startskotet for sesongen 2024 ganske så kjapt. Velkomen og lukke til!

Topptal på fotballtrening

Topptal på fotballtrening

Når mørket senkar seg i november, trekk mangt og mykje innomhus, mus, såvel som fotballgale mannfolk. Det er nok ikkje å ta hardt i, om ein nyttar omgrep som «historisk», «smekkfullt» eller «sprengd gymsal» for å skildra deltakinga på fotball for herrar måndag 26.11.2018. Heile 15 spelarar var å finne i gymsalen på Sinnes skule. Om ikkje rekord (statistikk manglar), så er det i alle fall på topp 10-lista. Takk til alle som tok turen. Og hugs…det er endå plass…

Read More Read More

Velkomen til Sirdal skilag på nett

Velkomen til Sirdal skilag på nett

I anledning ny skistadion på Tjørhom, lanserer me også ny nettside for Sirdal skilag. Her vil de finna relevant informasjon om skilaget og deira aktivitetar. De vil kunne tinga tid til trening og løp. Det er og oppretta ei diskusjonsforum der de kan ta opp saker og spørsmål som er aktuelle.