Hospitering på Sirdal VGS
Sirdal vidaregåande skule inviterer til hospiteringssamling 24. og 25. oktober. Samlinga er for 9. og 10. klassingar. Les meir i invitasjonsskrivet.
Sirdal vidaregåande skule inviterer til hospiteringssamling 24. og 25. oktober. Samlinga er for 9. og 10. klassingar. Les meir i invitasjonsskrivet.
Då er årsplanen for aktivitetar fram til sommaren 2026 klar. Du kan antan finna han som kalender, og legge han til på telefonen, eller lasta ned PDF under og ha på kjøleskåpet, til dei som ikkje har bygd det inne! 😉 Det er som vanleg noko for ein kvar alder og smak. Velkomne skal de vera!
Løypene er nok ein gong klare for nye, raske løp på Høneneset. Me startar opp torsdag kl. 18, og satsar på ein strålande haustsesong med mykje sprek innsats. Velkomne skal de vera!
Onsdag 11. juni inviterer Sirdal Skilag til lagskveld på Tjørhom Grendehus. Som seg hør og bør startar kvelden med premieutdeling for sykkelløp og lysløypekarusell Det blir også BINGO med bingoverten John-Ove som har samla masse fine premiar. Det vil bli sal av pølser, saft og kaker i kiosken. Håpar me sjåast på lagskveld!
Sankthansfeiring på Sirdal Skistadion – måndag 23. juni kl. 18.00 Velkommen til ei stemningsfull og livleg feiring av årets lengste dag! Måndag 23. juni inviterer me små og store til ei triveleg sankthansfeiring på Sirdal Skistadion, med leik, aktivitetar og sosialt samvær for heile bygda. Program: Grillen blir tent kl. 18.00, og Sirdal Skilag stiller med grillkull. Ta gjerne med eigen grill om du ønskjer det. Har du engangsgrill, ber me om at du tek den med deg heim igjen…
Då er skulegarden på Sinnes sopa fri for sand etter vinteren, og me er nok ein gong klar for sykkelløp for store og små. Dei eldste elevane har starta å sykla til skulen for lenge sidan, og dei yngste har hatt oppvarming i gymtime på skulen. Det tyder at alt er klappa og klart for vårens største sykkelløp på Sinnes. Kom og ver med! Møt opp på skulen torsdag 22. mai. Derifrå vert det sykkelløype både på asfalt og grus…
Årsmøte i Sirdal skilag er avhalde. Nedanfor finn du tre aktuelle dokument etter dette. Årsmeldingar frå 2024 Kontrollutvalets berettning 2024 Val, Sirdal skilag 2025
Det er dessverre snart berre strafferunden som er mogleg å gå i lysløypa og med sol og varm asfalt forsvinn og denne snøen veldig fort no. Me vel derfor å seie at lysløypa er over for i år. Tusen takk for bra oppmøte og kjekke kveldar. Me snakkast til premieutdeling og bingo i juni ein gong.
Fredag 30. mai suser verdseliten gjennom Sirdal på sykkel. Skilaget har fått spørsmål om me kan stille med nokre løypevakter. Det er snakk om vakter som varer i 1-2 timar. Starten går i Egersund 13.45 og då syklar dei i retning Sirdal. Litt info frå informasjonsmailen: Det er snakk om at dei treng vakt på Tjørhom og ved rundkjøringen på GP. I tillegg treng dei 11 vakter til Tonstad. Me tek eit opprop slik at eg kan gje tilbakemelding til…
Torsdag 6. mars vert et årsmøte i Sirdal skilag. Møtet tek til kl. 19.30, og blir i lokala på Sirdal skiarena. Dersom det er saker du ynskjer å ta opp, kan desse meldast inn på e-post. Frist for dette er 21.02.2025. Hjartelg velkomen!