God knøttejul!

God knøttejul!

Då var siste Knøttetrening over for denne gongen.

Takk til alle som har delteke, og vore med å boltra seg i gymsalen i år. Ingen beinbrot eller opne sår er registrert i år heller, noko som teiknar godt for eit langt og godt liv, med koordinasjon og balanasering i botn.

Siste runde hadde 11 små deltakarar ute på golvet, og etter ei kjapp, uhøgtideleg oppsummering, er det nok i alle fall 17 ullike knøtt som har vore innom i løpet av året. Kan godt hende meir og.

Takk for i år, og så ynskjer me alle ei god jul, og på gjensyn i skisporet på Tjørhom skistadion på nyåret.

Mykje aktivitet på Knøttetrening
Hal i og dra...kan me komas oss i land med berre tau?
Tjukkasbakken, med slengtau, vart kveldens desiderte hit.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *